Jens Steffensen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jens Olai Steffensen (fødd 23. mars 1891 i Bø i Vesterålen, død 17. oktober 1961) var ein norsk politikar (Ap) og fiskarlagsformann. Han var blant anna stortingsrepresentant, formann i Noregs Fiskarlag og styreformann i Noregs Råfisklag.
Jens Steffensen var opphavleg fiskar og anleggsarbeidar. Han var stortingsrepresentant for Nordland mellom 1934 og 1957, ordførar i Bø ein kort periode i 1945, og varaordførar mellom 1934 og 1941. Han var formann i Noregs Fiskarlag 1937-1941 og 1945-1951, og styreformann i Noregs Råfisklag mellom 1952 og 1961.
Steffensen var ein kjend, men omstridd fiskeripolitikar. I 1951 gjekk leiinga i Arbeidarpartiet inn for å liberalisere trålarlova. I Fiskarlaget, med Jens Steffensen i spissen, var det sterk motstand mot dette, og Steffensen klarte å mobilisere eit fleirtal i Arbeidarpartiets stortingsgruppe mot forslaget. Forslaget vart likevel vedteke med støtte frå dei borgarlege partia. Som følgje av dette dekk han sidan motstand frå leiinga i sitt eige parti.
Remove ads
Stortingskomitéar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads