Jernsporvar

familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Jernsporvar
Remove ads

Jernsporvar, Prunellidae, er einaste fuglefamilien som er heilt endemisk for den palearktiske regionen. Denne vesle gruppa av 13 artar nærståande sporvefuglar er alle i éi slekt Prunella. Alle lever i dei fjellrike regionane i Europa og Asia, men artane jernsporv og japanjernsporv finst òg i låglandet, sameleis sibirjernsporv lengst nord i Sibir. Fuglane i slekta er ikkje typiske trekkfuglar, men dei vil forlate dei kaldaste delane av utbreiingsområdet om vinteren, og dei kan flytte seg til mindre høgd over havet.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Desse små, nokså grålege artane liknar, men er ikkje nært relatert til familien sporvar, dei er generelt rekna å vere nærast knytt til trastar eller songarar. Dei er 14 til 18 centimeter i lengd, og veg mellom 25 og 35 gram[1]. Jernsporvar har tynne skarpe nebb, som reflekterer dietten deira av bakkelevande insekt om sommaren, supplert med frø og bær om vinteren. Dei kan òg svelgje grus og sand for å hjelpe til med å bryte opp desse frøa.[2]

Dei typiske habitata deira er fjellområde i eit område langt over tregrensa, men under snølinja. Altaijernsporv kan finnast så høgt som 5600 moh. når dei hekkar, men dei fleste jernsporvar hekkar i krattvegetasjon på lågare nivå. Dei fleste artane vandrar nedover for vinteropphald, med berre nokre er hardføre nok til å overleve høgt også om vinteren. Jernsporvar lever mesteparten av tida si i underskog.[2] Dei fleste av artane lever saman i flokkar. Arten jernsporv er eit unntak sidan han føretrekkjer å vere einsam, unntatt når han søkjer føde.

Jernsporvar kan ha to til tre ungekull i året. Spelet består av mykje song frå hannar, og kan innehalde korte flygingar slik som lerker gjer for å tiltrekkje seg ein make. Hos dei fleste artane, vil begge kjønna ta del i reirbygginga, med arten jernsporv igjen som eit unntak - her tar hannfuglane ikkje del i reirbygging eller ruging. Dei byggjer eit ryddig koppforma reir og legg ca. 4 grøne eller blå egg[1]. Egga rugast i rundt 12 dagar. Ungane vert mata av begge foreldra og treng ytterlegare 12 dagar eller meir til dei er flygedyktige.[2]

Remove ads

Artslista

Jernsporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]

  • Alpejernsporv, Prunella collaris, Alpine Accentor, LC, Scopoli, 1769
  • Altaijernsporv, Prunella himalayana, Himalayan Accentor, LC, Blyth, 1842
  • Tibetjernsporv, Prunella rubeculoides, Robin Accentor, LC, Moore, 1854
  • Rustbrystjernsporv, Prunella strophiata, Rufous-breasted Accentor, LC, Blyth, 1843
  • Sibirjernsporv, Prunella montanella, Siberian Accentor, LC, Pallas, 1776
  • Einerjernsporv, Prunella ocularis, Radde's Accentor, LC, Radde, 1884
  • Yemenjernsporv, Prunella fagani, Yemen Accentor, NT, Ogilvie-Grant, 1913
  • Kvitbrynjernsporv, Prunella fulvescens, Brown Accentor, LC, Severtsov, 1873
  • Svartstrupejernsporv, Prunella atrogularis, Black-throated Accentor, LC, Br&t, 1844
  • Mongoljernsporv, Prunella koslowi, Mongolian Accentor, LC, Przewalski, 1887
  • Jernsporv, Prunella modularis, Dunnock, LC, Linné, 1758
  • Japanjernsporv, Prunella rubida, Japanese Accentor, LC, Temminck & Schlegel, 1848
  • Kaneljernsporv, Prunella immaculata, Maroon-backed Accentor, LC, Hodgson, 1845
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads