Jestem

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Jestem» (polsk for Eg er) er ein singel av Magdalena Tul. Songen er skriven av Magdalena Tul.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Eurovision

Krajowe Eliminacje 2011

«Jestem» var eit av ti bidrag i Krajowe Eliminacje 2011, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen vart framført på polsk av Magdalena Tul, og bidraget vann tevlinga med 44,47 prosent av røystene.

Eurovision Song Contest 2011

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2011, Resultat ...

Etter sigeren i Krajowe Eliminacje 2011 fekk «Jestem» representere Polen i Eurovision Song Contest 2011. Bidraget deltok i den fyrste semifinalen, der det enda på 19. og sisteplass med 18 poeng; fem frå Storbritannia, fire frå Georgia og Ungarn, tre frå Noreg og to frå Litauen. Hadde ein berre brukt telefonrøyster hadde bidraget enda på 17. plass med 25 poeng, og hadde ein berre brukt juryrøyster hadde bidraget enda på 18. plass med 13 poeng. Polen gjekk ikkje vidare til finalen. Det vart rapportert at songen ville verte framført på engelsk med tittelen «First Class Ticket to Heaven», men det var den polske versjonen som vart brukt.

Remove ads

Kjelder

Mal:Polske songar i Eurovision Song Contest


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads