Jimmy Douglass

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Jimmy Douglass, òg kjend som «The Senator», er ein USA-amerikansk lydteknikar og plateprodusent. Han har vore aktiv i meir enn fire tiår.

Kjappe fakta Fødd, Alias ...
Remove ads

Karriere

Tidleg i 1970-åra byrja han studiokarrieren sin i studioa til Atlantic Records i New York City, medan han framleis gjekk på vidaregåande skule. Her gjekk han i lære hos erfarne lydteknikarar og produsentar som Tom Dowd, Arif Mardin, Jerry Wexler og Ahmet Ertegun. Hos Atlantic Recording arbeidde han med artistar som Aretha Franklin, Hall & Oates, Roberta Flack, Donny Hathaway, Foreigner, Led Zeppelin og AC/DC.

I 1980-åra byrja Douglass òg å fungere som produsent. Han var lydteknikar og produsent for etablerte artistar som The Rolling Stones, Elkie Brooks, Slave, Odyssey, Roxy Music, Genesis og Gang of Four.

Frå 1990-åra har Douglass arbeidd mykje med jinglar og post-produksjon. I 1994 byrja han å samarbeide mykje med produsenten Timbaland og var lydteknikar for han i meir enn eitt tiår. Dei samarbeidde med artistar som Aaliyah, Missy Elliott, Ginuwine og Jay-Z.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads