Jieh
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jieh (eller Jiyé, Jiyeh, arabisk الجية) er ein kystby i Libanon med eit estimert folketal på 5000. Han ligg 23 km sør for Beirut i Chouf distrikt, 20 minuttar unna langs motorvegen mellom Beirut og Sidon. I fønikisk tid vart han kalla Porphyreon og var ei naturleg hamn, som framleis er i bruk i dag. Byen er òg kjend for den sju kilometer lange sandstranda, noko som er sjeldan å sjå på den klippete kysten til Libanon.
Den hebraiske profeten Jonah skal ha kome i land her, då han vart spytta ut av ein enorm fisk, slik det vart skildra i Gamletestamentet, og det vart bygd eit tempel som framleis står i dag.[a] Mange invasjonsstyrkar passerte gjennom Porphyreon som egyptaren Tohomtmos, som sette soldatane sine i land her for å kjempe vidare mot nord. Aleksander den store tok seg ein kvil ved kysten her, etter åtaket på Tyr. St. Peter og apostelen Paulus vandra òg gjennom Jieh fleire gonger.
I moderne tid vart Jieh hardt råka av den libanesiske borgarkrigen som varte frå 1975 til 1990. Som ein kystby var han sårbar for mange raid frå PLO i området, i tillegg til den israelske invasjonen i 1980-åra. Jieh er bygd opp att, men det går seinare her enn i hovudstaden Beirut.
Remove ads
Arkeologi
Byen har fleire arkeologiske ruinar, somme gravlagde under moderne bygningar, medan andre ventar på å bli grave fram. Ein har funne mosaikk som syner soga om profeten Jonah og fisken i Gamletestamentet i kyrkjer.[a] Døme på desse er den store golvmosaikken frå bysantinsk tid, som var så store at ein trengde lastebilar for å frakte dei til eit museum.
Turisme
Det store turistmålet i Jieh er den 7 km lange sandstranda. Han ligg nær Beirut og vatnet er reint nok til at ein kan symje her. Fleire privateigde feriestader ligg langs stranda, og tar i mot mange turistar. Ein del av stranda er berre for kvinner.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads