Joci Pápai

From Wikipedia, the free encyclopedia

Joci Pápai
Remove ads

József «Joci» Pápai (uttalt ˈjot͡si ˈpaːpɒi; fødd 22. september 1981 i Tata) er ein ungarsk songar, stemmeskodespelar, rappar og gitarist. Han representerte Ungarn i Eurovision Song Contest 2017 med songen «Origo» og enda på åttandeplass.[1] Pápai deltok på ny i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Az én apám».[2][3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Pápai stammar frå ungarske romfolk. Han byrja med musikk allereie som fireåring, takka vere storebror sin som skreiv songar og spelte gitar. Han vart påverka av musikkstilane frå 1960- og 1970-åra, og anna rock, pop, soulmusikk og R&B. Han opptredde fyrste gong for offentlegheita i 2005, då han deltok i sesong 2 av talentshowet Megasztár på ungarsk TV2. Han rauk ut i dei innleiande rundane, men fekk merksemd nok til å satsa på musikken.

Den fyrste store suksessen til Papái kom året etter med låten «Ne nézz így rám». Same året samarbeidde han med rapparen Majka på låtane «Nélküled» og «Nekem ez jár». Han fekk stor kommersiell suksess i 2015 med «Mikor a test örexik».[4] Seinare gav han ut songen «Elrejtett világ» saman med songarane Caramel og Zé Szabó. Han samarbeidde på ny med Majka på pop-funk-songen «Senki más».

I 2017 deltok Papái i A Dal, den ungarske finalen til Eurovision Song Contest. Han vann tevlinga med sin eigenkomponerte «Origo» og fekk dimed representere landet i Eurovision Song Contest 2017, der han enda på ein åttandeplass.

I 2019 vann han A Dal på ny, denne gongen med låten «Az én apám».[5] Han representerte dimed Ungarn på ny i Eurovision Song Contest, men vart slått ut i semifinalen 14. mai 2019.[6][7]

Remove ads

Diskografi

Singlar

Meir informasjon Tittel, År ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads