Johan Gustaf Köhler
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Gustaf Köhler (3. april 1803–8. juni 1881) var ein svensk målare, teiknar og teiknelærar.
Remove ads
Liv og virke

Köhler var fødd i Södertälje som son av skinnarbeidaren Johan Gustaf Köhler og kona hans. Han studerte ved Konstakademien i Stockholm og privat hjå Fredric Westin, og hadde i tillegg ei studiereise til Tyskland. Han var med i fleire av utstillingane til Konstakademiens i tida 1822-1845. Allereie frå ungdomen verka han hovudsakleg som teiknelærar, og var tilsett som lærar ved Nya Elementarskolan i Stockholm 1830-1877 og 1857-1878 ved Konstakademiens Principskola. Nokre av elevane hans var Carl Larsson og norske Hedevig Lund. I 1831 gav han ut eit ritkurs som blei nytta lenge. I 1858 blei han utnemnd til agré (juniorkunstnar) ved Konstakademien. I åra 1838-1845 måla han ei rekkje historie- og interiørmåleri og portrett, mellom anna eit av C.J.L. Almqvist. Han døydde 8. juni 1881 i Stockholm.
Köhler er representert ved Konstakademien, Uppsala universitets porträttsamling, Norrköpings konstmuseum og Nationalmuseum i Stockholm.[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads