Johan II av Frankrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan II (fødd 16. april 1319 i Orléans, daud 8. april 1364 i London), med tilnamnet den gode, var konge av Frankrike frå 1350 til 1364. Han var son av Filip VI og Johanna av Burgund.
Han gifta seg i 1332 med Bonne av Luxemburg (1316-1349), ho døydde av pest. Ho var syster til keisar Karl IV av det tysk-romerske riket.
Remove ads
Barn
- Karl V av Frankrike
- Marie av Frankrike, gift med ein hertug av Bar.
- Ludvig, hertug av Anjou, fødd 1339, greve av Provence 1381–1384 og titulærkonge av Jerusalem, gift med Marie av Bretagne.
- Johan av Berry
- Filip II av Burgund, (?-1404) gift med Margareta av Flandern.
- Jeanne, gift med Karl II av Navarra.
- Isabella av Frankrike, (?-1371), gift med Gian Galeazzo av Milano.
Johan vart gift i 1350 med Johanna I av Auvergne, (1326-1361). Ho døydde òg av pest.
I løpet av Johan II si tid som regent vart Frankrike invadert av England, seinare er dette rekna som ein del av hundreårskrigen. I 1356 vart Johan teken til fange i Poitiers. I 1360 gav Frankrike frå seg landområde og betalte løysepengar for få kongen frigjeven. I løpet av innsamlinga av løysepengar vart Johan II sett fri mot eit gissel. Då gisselet rymde vende han friviljug attende til fangenskapet. Han døydde i London.
Remove ads
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads