Johan Vestly
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Johan Vestly (24. november 1923–28. november 1993) var ein norsk biletkunstnar fødd i Oslo. Han studerte ved teiknelinja på Statens kunsthandverks- og industriskule, på Bjarne Engebrets malerskole, var elev hos Erling Merton, og studerte i Paris.

Johan Vestly debuterte på haustutstillinga i 1947, og stod mellom anna for teaterdekorasjonar til Studioteateret, Oslo Nye Teater og Riksteateret. Han samarbeida mykje med kona si, Anne-Cath. Vestly. Dei laga programma om Kanutten saman, og han illustrerte dei fleste barnebøkene hennar. Den første boka han illustrerte var Ole Aleksander Filibom-bom-bom frå 1953.
Vestly fekk Kirke- og undervisningsdepartementet sin premie for illustrasjonar for arbeidet sitt med Guro og nøkkerosene i 1977. Han illustrerte òg nokre av Alf Prøysen sine utgjevingar, og laga fleire dokumentarfilmar.
Johan og Anne-Cath. Vestly fekk to søner, Jo og Håkon.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Dødsdato frå NBL-artikkel om kona Anne-Cath. Vestly
- Johan Vestly på Gyldendal.no Arkivert 2015-05-08 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads