Johann Passler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Johann Passler (fødd 18. august 1961) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Antholz. Han vart verdsmeister med Italia sine stafettlag i 1990 og 1993. Individuelt vann han to bronsemedaljar; fyrst på 10 km i VM 1985 og så på 20 km under vinter-OL i Calgary i 1988.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Passler fekk sitt internasjonale gjennombrot då han under VM i skiskyting 1985 erobra bronsemedaljen på 10 km, slått einast av av verdsmeister Frank-Peter Roetsch og av norske Eirik Kvalfoss. Tre år seinare, under dei olympiske vinterleikane i Calgary i 1988 tok han to bronsemedaljar, fyrst på 20 km og så på stafetten. Same sesongen enda han på tredjeplassen i verdscupen i skiskyting. Passler vann tre sigrar i individuelle verdscuprenn.

Italia sitt stafettlag, beståande av Wilfried Pallhuber, Pieralberto Carrara, Andreas Zingerle og Passler, overraska stort under VM 1990. Meisterskapen vart avslutta i finske Kontiolahti, der dei fire italienarane vann landets fyrste gullmedalje i stafettøvinga. Dei same fire utøvarane kopierte prestasjonen tre år seinare, då det under VM i skiskyting 1993 også vart gull på 4 x 7,5 km stafett.

Remove ads

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads