John Russell
britisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
John Russell (18. august 1792–28. mai 1878) var ein britisk adelsmann og politikar som var statsminister i Storbritannia i to periodar kring midten av 1800-talet.
Russell, som høyrde til ei av dei mektigaste adelsættene i England, var ein leiande politikar for whig-partiet gjennom fleire tiår. I 1832 var han hovudarkitekten for den skiljesetjande Reform Act 1832, ei lov som endra valsystemet i England og Wales og utvida røysteretten. Åra 1846-52 var han statsminister i ei whig-regjering som ikkje evna å kome med avgjerande boteråder mot hungersnauda i Irland, der fjerdeparten av ibuarane på øya strauk med. Det vart då også den siste whig-regjeringa. Russell var på ny statsminister 1865-66, då for det som kan seiast å vere den fyrste regjeringa til det som skulle verte det liberale partiet i Storbritannia.
Når Russell heldt seg så lenge i fremste rekke i britisk politikk, kom det mykje av at han heile tida vedvarande stridde for ideane og sakene han fremja. Som politikar var han såleis mykje oppteken av abstrakte prinsipp, og evna mindre å utvikle fornuftige og praktiske tiltak for samfunnet.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «John Russell, 1st Earl Russell» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads