John o' Groats

From Wikipedia, the free encyclopedia

John o' Groatsmap
Remove ads

John o' Groats (skotsk-gælisk Taigh Iain Ghròt) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 300 innbyggjarar. Staden vert rekna som den nordlegaste landsbyen på den britiske hovudøya. Det nordlegaste punktet ligg utanfor landsbyen, ved Dunnet Head.

Kjappe fakta skotsk-gælisk, Plassering ...

Uttrykt «frå Land's End til John o' Groats» viser til distansen mellom landsbyen og Land's End i Cornwall som er det sørlegaste punktet; ein klår parallell til det norske uttrykket «frå Lindesnes til Nordkapp».

Skrivemåten på namnet har variert ein del, men John o' Groats er no den offisielle forma. Namnet kjem frå Jan de Groot, ein nederlender som fekk løyve til å driva ei ferje mellom det skotske fastlandet og Orknøyane kort tid etter at desse vart overtekne frå Noreg i 1496.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads