Tresteghopparen Jonathan Edwards
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jonathan Edwards (fødd 10. mai 1966) er ein britisk tidlegare tresteghoppar frå London. Han vart verdsmeister i øvinga i 1995 og 2001, europameister i 1998 og olympisk meister i 2000. I tillegg vann han eitt OL-sølv, eitt VM-sølv og to VM-bronsar og ein EM-bronse. Hans personlege rekord frå 1995 på 18,29 meter er framleis verdsrekord i 2014.
Remove ads
Aktiv
Edwards vann den fyrste internasjonale medaljen då han vart nummer tre i VM 1993 i Stuttgart. To år seinare, under VM 1995 i Göteborg sette han ny verdsrekord, 18,16 m, i sitt fyrste finalehopp. Det var samstundes det aller fyrste tresteghoppet over 18 meter. 20 minuttar seinare hoppa han 18,29 meter, ein rekord som i 2014 enno er gjeldande verdsrekord.
Under sommar-OL 1996 gjorde han eit godt bestehopp, 17,88 meter, men måtte sjå seg slått av Kenny Harrison frå USA som passerte 18-metersgrensa. Også i 1997 vart det sølvmedalje på Edwards, 16 cm bak Yoelbi Quesada frå Cuba. Derimot vart det ein suveren siger i friidretts-EM 1998, der Edwards gjorde sitt nest beste finaleresultat i dei store meisterskapane, 17,99 m, og vann med over ein halv meters margin.
Etter VM-bronse i 1999 tok Edwards sitt einaste OL-gull i OL i Sydney i 2000, etter å ha fått notert 17,71 m i sluttprotokollen. Året etter vann han sin fjerde og siste internasjonale tittel under VM 2001 i Edmonton, med sterke 17,92 m vart han ein suveren vinnar. Sidan fekk han ikkje lenger opp dei heilt store lengdene, men sikra seg likevel bronsen i EM i friidrett 2002.
Edwards la opp etter 2003-sesongen, 37 år gammal.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (15,88 m)
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (15,76 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 17,44 m
- EM 1994 i Helsingfors: Nr 6 – 16,85 m
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 18,29 m, framom Brian Wellman (17,62 m)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 17,88 m, bakom Kenny Harrison (18,09 m)
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje -17,69 m, bakom Yoelbi Quesada (17,85 m)
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 17,99 m, framom Denis Kapustin (17,45 m)
- VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 17,48 m, bakom Rostislav Dimitrov (17,49 m)
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 17,71 m, framom Yoel Garcia (17,47 m)
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 17,92 m, framom Christian Olsson (17,47 m)
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 17,32 m, bakom Charles Friedek (17,33 m)
- VM i 2003 i Paris: Nr 12 – 16,31 m
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Jonathan Edwards» frå Wikipedia på bokmål, den 3. august 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads