Joseph Henry

amerikansk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Joseph Henry
Remove ads

Joseph Henry (17. desember 179713. mai 1878) var ein amerikansk fysikar.

Henry er særleg kjent for studium over elektromagnetisme og elektromagnetisk induksjon, som han utførte samstundes med Michael Faraday. I 1835 føreslo han å bruke elektromagnetar til elektrisk telegraf, og konstruerte i tilslutning til tidlegare arbeid av W. Sturgeon ein av dei første store elektromagnetane og ein elektromotor. Han arbeidde med problem i akustikken, meteorologien, signalisering i tåke og lyskjelder for fyrtårn.

Han var mellom anna professor ved Princeton University, og frå 1846 sekretær ved Smithsonian Institution. Henry har vidare hatt stor tyding som organisator av det amerikanske vitskapsakademiet (National Academy of Sciences) og American Association for the Advancement of Science.

Den elektriske måleininga henry er kalla opp etter han.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads