Josjkar-Ola

From Wikipedia, the free encyclopedia

Josjkar-Ola
Remove ads

Josjkar-Ola er hovudstaden i den mariske republikken Mari El i Russland. Byen hadde om lag 275 000 innbyggjarar i 2007. Han ligg ved elva Malaja Koksjaga, rundt 650 km aust for Moskva. Delar av byer er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 14. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...
Remove ads

Namn og historie

Det russiske og austmariske namnet Josjkar-Ola (kyrillisk skrift Йошкар-Ола) blir uttalt [jåsjkarålA], med trykk på siste stavinga. Namnet tyder «Raudbyen». Det noverande namnet er det tredje namnet på byen. Han heitte Tsarjovokoksjajsk (russisk russisk skrift Царёвококшайск) før 1919 og Krasnokoksjajsk (russisk Краснококшайск) frå 1919 til 1927. Desse namna kom frå elva som renn gjennom byen.

Thumb
Nasjonalteateret i Mari El.
Thumb
Josjkar-Ola og elva Malaja Koksjaga.

Under sovjettida, spesielt etter den andre verdskrigen, var byen eit regionalt industri- og transportsenter og voks til den noverande storleiken. Samanbrotet til Sovjetunionen fjerna kunstig støtte for ineffektive statlege verksemder og førte til at mesteparten av industriproduksjonen i området vart nedlagt. Den brå nedgangen i levestandard førte til at den best kvalifiserte arbeidskrafta flytta til andre byar i Russland.

Det ligg ein strategisk rakettbase nær byen.

Remove ads

Transport

Josjkar-Ola er knytt til andre byar og regionar i Russland via jernbane og bussruter. Josjkar-Ola lufthamn ligg 9 km nord for byen.

For transport innan byen finst eit nettverk av kollektivtrafikk, som består av bussar, trolleybussar og rutetaxiar (marsjrutki (russisk: маршрутки).

Utdanning

I Josjkar-Ola ligg fleire høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Mari statlege universitet, Mari statlege tekniske universitet og Mari statlege pedagogiske institutt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads