Judeafjella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Judeafjella (hebraisk הרי יהודה Harei Yehuda, arabisk جبال الخليل, Jibal al-Khalil), òg kalla Hebronåsane, er ei fjellkjede i Israel og på Vestbreidda der Jerusalem og fleire andre bibelske byar ligg. Fjella når ei høgd på 1 000 m.[1]
Remove ads
Geografi

Judeafjella går frå nord til sør gjennom Vest- og Aust-Jerusalem, Hebron, Betlehem og Ramallah. Fjella dannar eit naturleg skilje mellom Shephelah-kystslettene i vest og Jordandalen i aust. Judeafjella var dekte av tett skog i antikken. Åsane består av terra rossa-jorda over hard kalkstein.[1]
Geologi og førhistorie
Judeafjella er overflata av ei rekkje monokline foldingar som strekkjer seg nord-nordvest gjennom Israel. Foldinga er eit sentralt uttrykk for den syriske bogen av antiklin folding som byrja i sein krittid i nordaustlege Afrika og det sørvestlege Asia. Den syriske bogen strekkjer seg aust-nordaust over Sinai, og snur nord-nordaust gjennom Israel og heldt fram aust-nordaust inn i Syria. Den israelske delen ligg parallelt til Daudehavsforkastinga som ligg like i aust.[2][3]
I førhistorisk tid levde det dyr i området som ikkje finst her lenger, som elefantar, flodhestar, sjiraffar og vassbøflar.[4]
Fjellkjeda har karstlandskap med mange grotter, som stalaktittgrotta i Nahal Sorek nasjonalpark mellom Jerusalem og Beit Shemesh og området kring Ofra, der ein har funne fossil av plante- og dyreliv frå førhistoria.
Remove ads
Samferdsle
Israel Railways har ein linje frå Beit Shemesh langs Sorekelva og Rephaimdalen til Jerusalem Malha togstasjon.
Sjå òg
- Israelsk vin
- Turisme i Israel
- Dyr i Israel
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


