Juleglede

From Wikipedia, the free encyclopedia

Juleglede
Remove ads

Juleglede (Begonia x cheimantha) er ei plante i begoniaslekta. Ho er ein hybrid mellom artane B. socotrana og B. dregei. Ho har rosa eller kvite blomar, og er rekna som den eldste norske juleblomen.[1] Planta kan også kallast julebegonia, men dette kan også visa til andre begoniatypar som Begonia hiemalis.[2]

Kjappe fakta
Remove ads

Opphav

Thumb
Juleglede avbilda i amerikanske The Florists' Review frå 1912 med biletteksten «The Lorraine Begonia Never Loses its Popularity With the Better Class of Christmas Flower Buyers».

Den første kjende kryssinga vart gjort i Frankrike i 1891. Victor Lemoine kryssa den sørafrikanske arten B. dregei, med B. socotrana frå øya Socotra i Jemen.[3] Dei nye plantene vart kalla B. 'Gloire de Lorraine'. I delar av Europa går derfor hybriden under namnet Lorraine begonia.

I Skandinavia fekk planta namnet julebegonia eller juleglede. Ho er ei sesongpotteplante som kjem på marknaden 7-8 veker før jul.

Seinare er det utført vidare dyrkearbeid der ein har sjølvpollinert planter, kryssa tilbake med foreldretypæn eller ved å ta stiklingar av særeigne plantedelar. Det er særleg gjort mykje arbeid med planta i Skandinavia.[3] Dei norske plantane kjem alle frå same kjelda, sorten 'Marina' som blei registert i 1948.

'Gloire de Lorraine' kan vera ei vanskeleg plante å dyrka, men har vore eit godt utgangspunkt for andre hybridar, som B. ‘Glory of Cincinnati’ og B. ‘Konkurrent’.[3]

Bruk av juleglede i dag

Den norske produksjonen er på om lag 1 million plantar, men julestjerne (Poinsettia) har teke over ein stor del av marknaden slik at salet av juleglede er merkbart mindre enn tidlegare. Planta føretrekk jamn fukt, mykje lys og eit inneklima som ikkje er for varmt.[1]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads