Julebrus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Julebrus
Remove ads

Julebrus eller jolebrus er brustypar som tradisjonelt blir selde og drukne i tida rundt jul. Julebrus er stort sett raud eller meir brunleg, men det finst også grøne og gule brusar.

Thumb
Hamar og Lillehammers brune julebrus, Grans røde julebrus og Apotekarnes julmust
Foto: C. Hill
Thumb
Julebrus på glas og flaske.
Thumb
Oskar Sylte julebrus.

Julebrus i Noreg

Sørlandet og på Hamar og i midtre og nordlege delar av Austlandet (Oppland og Hedmark), i Trondheim og sørlege delar av Nord-Noreg, er julebrusen brun og smakar litt som champagnebrus. I sørlege delar av Austlandet og på Vestlandet og i delar av Nord-Noreg er julebrusen stort sett raud og smakar litt som eventyrbrus, som er den vanlegaste raude brusen resten av året.

Julemust

For meir om dette emnet, sjå Julemust.

I svensk tradisjon finst ein tilsvarande leskedrikk som blir drukken ved juletider kalla julmust. Drikken skil seg frå julebrus hovudsakleg ved bruk av maltekstrakt og humle. Ingrediensane kjem av at must historisk blei utvikla som eit alkoholfritt alternativ til øl.

Roma Mineralvannfabrikk i Lillestrøm er den einaste norske produsenten av julemust.

Ulike typar

  • Arendal julebrus (gul-brun)
  • Berentsens julebrus
  • Borg julebrus (raud)
    • Borg gyldne julebrus
  • CB julebrus
  • Coca-Cola julebrus (raud)
  • COOP julebrus (raud)
  • E. C. Dahl julebrus
  • Grans julebrus (raud)
    • Grans julebrus med pæresmak
    • Grans julebrus X - utan tilsett sukker
  • Hamar og Lillehammer Julebrus (Ringnes, brun)
  • Hansa julebrus
  • Lerum julebrus (raud)
  • Mack julebrus
  • Ringnes julebrus (raud)
  • Romas julebrus
    • Romas Røde Julebrus
    • Romas Røde Julebrus utan tilsett sukker
    • Romas Brune Julebrus
    • Roma Svensk Julemust (svensk julemust, brun)
  • Rudolf og Nissens Julebrus (Oskar Sylte)
  • Sørlandets julebrus
  • Tom & Jerry-brus (heilårsbrus, raud)
  • Trønder julebrus (Grans)
  • Union (tidlegare kjend som Trio julebrus - oransje farge)
  • Aass julebrus (raud)

Sjå òg

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads