Just Like Tom Thumb's Blues

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Just Like Tom Thumb's Blues» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Highway 61 Revisited i 1965. Songen vart spelt inn same dag som «Ballad of a Thin Man», «Highway 61 Revisited» og «Queen Jane Approximately».[1][2][3] Songen vert rekna som eit av meisterverka til Bob Dylan i 1960-åra og ein komisk tour de force.[4]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Teksten

I don't have the strength
To get up and take another shot
And my best friend, my doctor
Won't even say what it is I've got

Bob Dylan

«Just Like Tom Thumb's Blues» held fram reisesoga frå den førre songen på albumet, «Highway 61 Revisited».[5] Songaren har kome til Juarez i Mexico rundt påske, og finn seg midt i sjukdom, fortviling, horer og helgenar.[6] Medan han er her møter han tvilsame kvinner som Saint Annie og Sweet Melinda, samt korrupte styresmakter og drikk og tar dop for å kome seg gjennom den hjelpelause situasjonen.[4] Songen dannar eit marerittaktig bilete etter kvart som songaren verd dradd ned av negativitet, drikking, sjukdom, anger og minna sine.[6] I det overraskande siste verset får songaren nok og reiser tilbake til New York City, der ting kanskje er betre.[6]

Som mange songar på Highway 61 Revisited er «Just Like Tom Thumb's Blues» full av litterære referansar, som til Malcolm Lowry-romanen Under the Volcano,[6] ei gate i Edgar Allan Poe-novella «The Murders in the Rue Morgue»[6] og tittelen er ein referanse til Rimbaud sitt «My Bohemian Life (Fantasy)» der Rimbaud omtalar seg sjølv som «Tom Thumb in a daze».[7]

Remove ads

Musikk

Musikalsk har ikkje «Just Like Tom Thumb's Blues» noko refreng men seks AAAA rimvers. Piano, trommer og vokal gjev musikken djupne.[8] Det er nytta to piano, Al Kooper på elektrisk Hohner Pianet og Paul Griffinspikerpiano.[7]

Andre utgjevinga og ettermæle

«Just Like Tom Thumb's Blues» vart gjeven ut på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II (òg kjend som More Bob Dylan Greatest Hits i Europa) og Bob Dylan's Greatest Hits 2. Ei alternativ utgåve finst på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack.[9]

Han har òg vorte spelt mykje på konsert. Ei konsertutgåve frå Liverpool den 14. mai 1966 vart gjeven ut som B-side på «I Want You»,[8] og seinare på Masterpieces. Songen vart òg spelt på den kjende elektriske konserten med The Band i Manchester Free Trade Hall den 17. mai 1966, som vart gjeven ut som The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert.

I 2005 kåra lesarane i Mojo songen som den 13. beste Dylan-songen nokon gong.[10] Ei tilsvarande kåring i Uncut plasserte «Just Like Tom Thumb's Blues» på 38. plass.[11]

Andre utgåver

Andre artistar som har spelt songen er Gordon Lightfoot, Neil Young, Judy Collins, Frankie Miller, Nina Simone, Bryan Ferry, Linda Ronstadt og the Grateful Dead.

The Beastie Boys sampla linja «I'm going back to New York City, I do believe I've had enough» i songen «Finger Lickin' Good» på albumet Check Your Head.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads