Jyllandsslaget
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jyllandsslaget er nemninga på det største sjøstridsslaget under den 1. verdskrigen. Slaget fann stad 31. mai til 1. juni 1916, om lag 60 nautiske mil vest av Jylland i Danmark. Slaget stod mellom marinefartøy frå Tyskland og Storbritannia.

Rundt 250 skip tok del i slaget, som var på sitt mest intense frå 18-tida 31. mai. Det stod på til den tyske flåten ei stund etter midnatt 1. juni, i skodde og mørke, braut av og returnerte til hamner i Tyskland. 14 britiske skip og 11 tyske gjekk til ned. Til saman 9 000 mann omkom i slaget.
Sjølv om Tyskland kom best frå slaget, vart dei største tyske krigsskipa liggjande i hamn resten av krigen.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads