Jyväskylä

From Wikipedia, the free encyclopedia

Jyväskylämap
Remove ads

62°14′27.856″N 25°44′17.592″E

Kjappe fakta Län Landskap, Flatevidd ...

Jyväskylä er ein by i Finland som ligg i landskapet Mellersta Finland. Byen er mellom anna kjend for å ha fleire bygg teikna av arkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä universitet har sju fakultet.

Jyväskylä ligg i den nordlege enden av innsjøen Päijänne. Byen har over 128 000 innbyggjarar (2009). Kring 200 er svenskspråklege.

Området rundt har om lag 143 600 innbyggjarar, av dei rundt 290 svenskspråklege (2005), og omfattar i tillegg til byen Jyväskylä landskommun, Laukas og Muurame.

Remove ads

Historie

Jyväskylä fekk marknadsrettar i 1801 og bystatus den 22. mars 1837. Same året laga arkitekten Carl Ludvig Engel ein byplan for byen og i 1838 hadde byen 189 innbyggjarar. Finlands fyrste finskspråklege ungdoms- og vidaregående skule vart oppretta i Jyväskylä i 1858. Sjølvstendig kyrkjelyd vart Jyväskylä i 1875, og bykyrkja, teikna av Ludvig Isak Lindqvist, stod ferdig i 1880.

I 1897 kom jarnbana til Jyväskylä frå Haapamäki og ho skifte ut dampbåttrafikken over Päijänne til Lahtis som det viktigaste transportsambandet til byen.

Remove ads

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads