Kásos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kásos (gresk Κάσος, italiensk Caso), òg kalla Kassos, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er den sørlegaste øya i Egearhavet.
Kásos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kárpathos-Kásos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Frå 2018 har kommunen Kásos formelt skifta namn til Den heroiske øya Kásos (Ηρωικής Νήσου Κάσου).[3]
Øya har fem landsbyar, Fry, Ajía Marína, Panajía, Póli, Arvanitokhóri. I havet mot nordvest ligg Armáthia, Makronísi og nokre mindre klippeøyar, alle utan busetnad.
Øya har vel 1000 innbyggjarar. Fry er hovudbyen på øya og har den einaste hamna her, medan Ajía Marína har flest innbyggjarar. Flyplassen ligg nær Ajía Marína.
Remove ads
Historie
I antikken var øya ei tilfluktshamn for filistarane. Ho har ei rik og stolt historie om sjømannskap og kunnskapane deira innan sjøfart var frykta av dei omliggande landa då dei gjekk ut i krig mot naboane sine og kassiotane blanda seg inn. I 1825 vart pasjaen av Tyrkia så rasande på kassiotane at han sende heile marinen sin til den litle øya og tok livet av heile folkesetnaden[4]. Kásos vart ikkje ein del av Hellas før ho vart offisielt annektert i 1948.
Remove ads
Byar og tettstader
Byane og tettstadene i kommunen er:
Småøyar i kommunen:
- Astakidopoúlo (2)
- Astakída (1)
- Armáthia (0)
- Divoúnia (0)
- Karofýlla (0)
- Kástoras (0)
- Koúrika (0)
- Lítra (0)
- Makronísi (0)
- Pláka (0)
- Pláti (0)
- Pondikonísia (0)
- Porionísi (0)
- Strongylí (0)
- Trákhilas (0)
- Trypití (0)
- Fokás (0)
- Khamilí (0)
- Khténi (0)
- Psíra (0)
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads