Kåre Willoch

statsminister i Noreg 1981-1986 From Wikipedia, the free encyclopedia

Kåre Willoch
Remove ads

Kåre Isaachsen Willoch (3. oktober 19286. desember 2021) var ein norsk politikar frå Oslo. Han var leiar av partiet Høgre i perioden 1970–1974 og statsminister i Noreg i perioden 1981–1986. 14. oktober 1981 danna han den fyrste reine høgreregjeringa sidan 1927. Frå 8. juni 1983 vart Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti med i regjeringa, regjeringa vart då ei koalisjonsregjering. Regjeringa gjekk av 8. mai 1986 etter at regjeringa hadde stilt kabinettspørsmål på å auke bensinavgifta, og blitt stemt ned i Stortinget.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

På 1980-talet stod Willoch i spissen for ei høgrebølgje i norsk politikk. Arbeidarpartiet gjekk attende og Høgre fekk auka oppslutnad. Willoch var i mange ordskifte med leiaren i Arbeidarpartiet, Gro Harlem Brundtland. Saman vart dei kjend som berre Gro og Kåre.

Willoch er utdanna samfunnsøkonom, og arbeidde tidlegare i Norges Rederiforbund og Norges Industriforbund.

Dei seinare åra har han engasjert seg særleg for Palestina i konflikten med Israel, og har nytta utsegner som «Riv skammens mur!». Mange Israelvener hevdar at Willoch er antisemittisk. Willoch har vorte populær mellom mange norske sosialistar i Noreg dei siste åra, med sitt engasjement for naturvern og menneskerettar.

I 1997 vann han Fritt Ords Pris for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.

Remove ads

Karriere

Remove ads

Bibliografi

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kåre Willoch
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads