Københavns slott

From Wikipedia, the free encyclopedia

Københavns slott
Remove ads

55°40′37.823″N 12°34′48.115″E

Thumb
Københavns slott slik det så ut etter Fredrik IVs endringar i 1720-åra og kort tid innan det reivst i 1731. Etter alle endringane som hadde blitt gjort tok slottet til å knake i sammenføyningane og fekk vanskar med si eiga vekt.

Københavns slott var eit kongeslott som i åra fra rundt 1370 til 1731 låg på Slotsholmen i København på same plassen som Christiansborg slott ligg i dag. Københavns slott blei reist på same plass som Absalons borg som reivst ned av Hansaen i 1369.

Thumb
Københavns slott i 1698. Ukjend kunstnar

Det markante tårnet låg mellom riddarsalen og portbygninga. Då Kristian IV blei krona i 1596 endra han noko på slottet og sette mellom anna spir med kopartak på tårnet. Opp gjennom åra endra dei fleste kongane på slottet slik at det etter kvart fekk vanskar med å bere si eiga vekt. Etter at Fredrik IV stod for store endringar i 1720-åra sprakk murane og bygningen var ikkje lenger formålstenleg som kongebolig. I 1731 avgjorde Kristian VI at slottet skulle rivast.

Ruinane av Københavns slott ligg under Christiansborg og blei funne av arkeologar i 1902. I 1917 vert ruinane gravne ut og det har vore offentleg tilgang til dei frå 1924.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Københavns slott


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads