Køyeseng
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Køyeseng er eit møbel der fleire senger er plasserte over kvarandre.[1] Uttrykket køye-seng er ein parallell til bruken av hengekøyer på skip, der plassforholda gjorde at køyene ofte blei hengde over kvarandre.


Sovande i køyesenger ligg som i etasjar av enkeltsenger stabla over kvarandre. Slike senger er praktiske på stadar der golvplassen er avgrensa i tilhøve til mengda menneske som skal ha soveplass. Køyesenger blei eit populært møbel på barnerom frå 1950-åra. Sengehest blir ofte nytta i den øvste senga i ein køyeseng for å hindra at ein fell ut.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads