Kahramanmaraş
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kahramanmaraş, tidlegare Maraş, er ein by søraust i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Kahramanmaraş. Byen ligg på ei slette ved foten av Dibekfjella og har litt over 400 tusen innbyggjarar.
- «Maraş» omdirigerer hit. For byområdet Maraş eller Kapalı Maraş i Ammókhostos på Kypros, sjå Varósia.
Regionen er mest kjend for produksjon av salep, eit mjøl laga av tørka orkidéar og den særeigne iskremen.
Frå Kahramanmaraş lufthamn er det flysamband til Istanbul og Ankara.
Byen er av hetittisk opphav og heitte under romarane Germanica Cæsarea.
Remove ads
Klima
Kahramanmaraş har eit middelhavsklima. Somrane er varme og tørre med ein middeltemperatur på 35 °C og det kan verte varmare enn 40 °C. Varmerekorden er på 45,2°C den 30. juli 2007. Vintrane er kalde og fuktige med temperaturar kring 0-5 °C. Kulderekorden er på -9,6 °C frå 6. februar 1997.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads