Kai Knudsen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kai Birger Knudsen (25. juni 19033. mars 1977), fødd i Vardø, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, som hadde to ulike statsrådspostar i Oscar Torp si regjering 1952-55: justisminister og forsvarsminister.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han tok examen artium i 1922) og vart cand.jur. i 1926. Han var kommunerevisor i Haugesund 1926-1927. Han var dommarfullmektig i Heddal sorenskrivarembete 1928-30, arbeidde som advokatfullmektig 1930-1935 og dreiv deretter eigen praksis som overrettssakførar i Notodden 1935-1943 og i Oslo i 1943-45. Han var konstituert sorenskrivar i Tinn og Heddal sorenskrivarembete 1945-1946. Han var kontorsjef hos riksmeklingsmannen 1946-1948. Frå 1948 til 1952 var han sekretær for statsministeren. Etter statsrådperioden 1952-1955 avslutta han yrkeskarrieren som sorenskrivar ved Indre Follo sorenskrivarembete frå 1955-1973.

Remove ads

Regjering

I Oscar Torp si regjering hadde han to statsrådpostar:

Verv

  • Han var ordførar i Notodden 1945-1945 og 1945-1946
  • Vararepresentant for byane i Telemark og Aust-Agder på Stortinget 1945-49.
  • Formann Sjømannsnemnda 1950-1975
  • Formann Arbeidsdirektoratet sitt styre 1950-1975
  • Formann Rikslønnsnemnda 1955-1968

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads