Kalaslekta
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kalaslekta (Zantedeschia) er ei planteslekt i myrkonglefamilien som høyrer heime i det sørlege Afrika, frå Sør-Afrika og nord til Malawi. Det er åtte godkjende artar i slekta,[1] og dei vert 1–2,5 m høge. Blada på kalaene er pilforma, og kan verte mellom 15 og 45 cm lange. Blomstrane er grøngule og omgjevne av eit stort trompetforma hylsterblad. Stovekalaen (Z. aethiopica) vert dyrka som potteplante.
Kala-artane er giftige fordi dei inneheld kaliumoksalat. «Alle delar av planta er giftige, og gjev irritasjon eller opphovning av munn og svelg, og plutseleg kvalme og diaré.»[2] Likevel vert blada nokre gonger kokte og etne, ettersom varmebehandling skal øydeleggja giftstoffa.[3]
Planter av denne slekta har vorte brukt i mange måleri, mellom anna i mange av kunstverka til Diego Rivera.
Remove ads
Artar
- Zantedeschia aethiopica (stovekala)
- Zantedeschia albomaculata
- Zantedeschia elliottiana
- Zantedeschia jucunda
- Zantedeschia odorata
- Zantedeschia pentlandii
- Zantedeschia rehmannii
- Zantedeschia valida
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads