Kalkunar

slekt av store fasanfuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kalkunar
Remove ads

Kalkunar (Meleagris) er ei biologisk slekt av to store artar av nolevande hønsefuglar. Ein art, kalkun, Meleagris gallopavo, òg kjent som villkalkun, har naturleg leveområde i skog i Nord-Amerika og Mellom-Amerika. M. gallopavo er same arten som tamkalkun, opphavleg domestisert frå ein underart i sørlege Mexico. Den andre arten, M. ocellata, kjent som flekkalkun, lever i skogshabitat på Yucatán-halvøya.

Kjappe fakta
Remove ads
Thumb
Kalkunegg

Kalkunar er klassifisert i fasanfamilien og taksonomisk orden Galliformes, hønsefuglar.

  • Arten kalkun, M. gallopavo, har vengespenn på 1,5 til 1,8 meter og er dei klårt største fuglane i opne skogar i leveområdet. Som hos andre hønsefuglar er hofuglen mindre av vekst og er mykje mindre fargerik enn hannfuglen. Hannen har stort, fjørlaust, raudleg hovud og raud hals, kjøttfulle lappar som heng frå undersida av nebbet, og ein kjøttfull utvekst som heng frå oversida av nebbet.
  • Flekkalkun, M. ocellata, er mykje mindre fuglar enn arten kalkun. Kroppsfjøra av begge kjønn har ei blanding av bronse og grønt iriserande farger. Begge kjønna hos flekkalkun har blått hovud med noko oransje eller raude knutar, som er mest tydeleg på hannar. Hannane har òg ei kjøttfull blå krone dekt med knutar, nodular.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kalkunar
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads