Kallithéa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kallithéa (gresk Καλλιθέα) er den åttande største kommunen i Hellas med nesten 100 000 innbyggjarar og den fjerde største i storbyområdet til Aten i Attikí etter Aten sjølv, Pireus og Peristéri. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2]
Sentrum av Kallithéa (Davákisplassen) ligg 3 km sør for sentrum av Aten (Sýndagmaplassen) og 3 km nordaust for Pireus sentrum (Koráisplassen). Kallithéa strekkjer seg frå Filopáppou- og Sikelíaåsane i nord til Fálirobukta i sør. Frå aust til vest strekkjer han seg frå gata Syngroú i aust (ved grensa til Néa Smýrni og Paleó Fáliro) til elva Ilisós i vest (ved grensa til Távros og Moskháto).
Planane for opprettinga av Kallithéa vart offisielt lagt i desember 1884. Fleire øvingar i dei olympiske leikane både i 1896 og 2004 vart lagt til Kalithéa. Mellom desse to leikane voks byen mykje. I 1920-åra kom mange flyktningar til staden etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
Kallithéa huser i dag to universitet (Kharokópio og Pándion), fleire kulturinstitusjonar og sportsklubbar. Innan fotball er Kallithéa FC mest kjend av desse.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
