Kalypso
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kalypso (gresk Καλυψώ, «eg skal gøyme») var ei forførarisk bergnymfe i gresk mytologi som var dotter av Atlas. Ho var busett på den mistrøystige øya Ogyia midt i havet, og heldt ifølgje Homer den skipbrotne Odyssevs fanga der i sju år med venleiken sin.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kalypso (fleirtyding).

Athene greip til slutt inn og bad Zevs om å påleggje Kalypso å la Odyssevs fare (jf. Odysseen). Zevs sende Hermes til henne, og Kalypso gav til slutt etter. Ho hadde lova Odyssevs evig liv om han vart verande, men han drog for å kome heim til si kjære Penelopeia, og Kalypso døydde difor av sorg. Ho fekk éin son med Odyssevs.
Remove ads
Kjelder
- «Kalypso» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 9. juli 2010.
- «Kalypso» på Wikipedia på svensk, innhenta 9. juli 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads