Kantlyng
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kantlyng (Cassiope tetragona) er ein mørkegrøn, forgreina dvergbusk med ein flatedekkande vekst. Plantane har ein karakteristisk firkanta stengel som forgreiner seg kraftig frå den nedste delen av planten. At blada sit tett og ustilka opp langs stengelen gjer at den firkanta utsjånaden blir ekstra tydeleg. Blomstringa skjer frå juli til august, og består i hengande kvite blomar med klokkeform som sit einskildvis på korte, spinkle stilker ut frå bladhjørna ytst på skotet.
Rotnettet er vidt utbreitt, men særs spinkelt. Arten er avhengig av samliv med ein eller fleire soppartar (mykorrhiza).
Kantlyng når typisk ein storleik på 0,20 x 1,00 m (vekst 5 x 5 cm/år)
Remove ads
Utbreiing
Kantlyng er vanleg i Nord-Noreg og arktiske område. På Grønland finst han så langt sør som på linje med Godthåbsfjord og Tasiilaq, men då berre i høgfjellet, eller i kjølige skyggeområde. Arten er avhengig av eit ganske langvarig snødekke som vern mot uttørking, og føretrekk sur og fuktig, men veldrenert jordsmonn. Det er sjeldan å finna mykje av denne samansetjinga, men han kan ofte opptre i mosaikk. Ved breidda av Torneträsk finst han typisk saman med blant anna rypebær, dvergbjørk, moselyng, tytebær, lav og mose.
Remove ads
Bruk
På Grønland har planten hatt tyding som brensel.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads