Karantene

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Karantene er eit medisinsk uttrykk (frå italiensk quaranta giorni, førti dagar) som tyder å halde folk eller dyr fråskilt frå andre for ein viss periode, til dømes ved å hindre dei å reise til eit anna land, ut av ein bygning eller liknande. Ved å gjere dette, er det til dømes mogeleg å hindre spreiing av sjukdom.

Historisk brukte ein karantene mot skip der det var brote ut epidemiar. I nyare tid, ved å ha utvikla vaksiner og lært meir om korleis sjukdom smitter, bruker ein ikkje karantene på same måte. Pasientar som har ein farleg smittsam sjukdom kan i staden isolerastsjukehus.

Karantene blir no hovudsakleg brukt for dyr som er blitt flytta frå eit smittefarleg område til eit nytt.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads