Kokkola

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kokkola
Remove ads

Karleby, finsk Kokkola, er ein bykommune i landskapet Mellersta Österbotten (finsk: Keski-Pohjanmaa) i Finland. Byen, som ligg ved Bottenvika, har eit landareal på 1492,5 km² og knapt 48 000 ibuarar (2021). Kommunen er tospråkleg, 84 prosent av befolkninga er finsktalande og 13 prosent er svensktalande.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Remove ads

Soge

Byen vart grunnlagd i 1620 under namnet Gamlakarleby. Opphavleg var det ein handels- og sjøfartsby. På 1900-talet kom ulike industriar i sving, noko som førte til stor auke i folketalet.

Samferdsle og næringsliv

Karleby har ferjesamband med Skelleftehamn i Sverige. I Yxpila/Ykspihlaja ligg ei av Finlands største uthamner med trelasteksport og oljeimport. Næringslivet er elles prega av sagbruk og trevareindustri, tekstil- og lervare-produksjon, kjemisk industri (svovelsyre), smelteverk (sink) og verkstadindustri.

Karleby/Kokkola er vennskapskommune med Averøy.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kokkola


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads