Kesab
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kesab, Kessab eller Kasab (arabisk كسب, armensk Քեսապ, Kesab) er ein armensk-busett by nordvest i Syria i Latakia guvernement, 59 kilometer nord for Latakia. Han ligg nær grensa til Tyrkia i fjellsida til Aqraa (tyder «den hårlause» eller «skalla») 800 meter over havet.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kesab eit folketal på 1 754 i 2004.[1]
Remove ads
Med det tørre klimaet og omgjeve av grøne skogar og djupe dalar, er Kesab ein populær feriestad for mange innbyggjarar i Aleppo og Latakia.[2]

Byen ligg 59 kilometer nord for Latakia, berre tre kilometer frå den tyrkisk grensa og ni kilometer frå Middelhavet. Byen ligg 800 meter over havet i midten av ein tett barskog, og er ein populær feriestad om sommaren.
Kesab er en gammal armensk by som er datert attende til Det armenske kongedømet Kilikia. Innbyggjarane er i dag hovudsakleg armenarar[3] med ein minoritet av arabiske alawittar. Byen er omgjeven av små landsbyar og gardar, som òg stort sett er folkesett av armenarar: Duzaghaj, Esguran, Sev Aghpyur, Kinar, Chakhaljekh, Keorkeuna, Ekizolukh, Baghjaghaz, Karadouran, Karadash og den fråflytta landsbyen Bashurd.
Remove ads
Galleri
- Utsyn
- Sentrum av Kesab
- Gala-distriktet
- Kesab om vinteren
- Hovudvegen
- Fjellet Karadouran
- Karadouranstranda ved den syrisk-tyrkisk grensa
- På veg til Baghjaghaz
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads