Kem
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kem (russisk Кемь, finsk Vienan Kemi ) er ein historisk by i Republikken Karelia i Nordvest-Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Byen ligg ved munningen til elva Kem i Kvitsjøen. Jernbanen frå Petrozavodsk til Murmansk går igjennom Kem.

- For elva med same namn, sjå Kemelva.
Det er funne spor etter menneske i Kemområdet frå mesolittisk tid (ca. 8000–4000 f.Kr.) og det er òg spor etter vikingar i området. Kem er først nemn som eit gods som høyrte til Novgorod sin posadnik (samsvarar statthaldar) Marfa Boretskaja i 1450, då ho donerte byen til Solovkiklosteret som ligg på den største av Solovkiøyane i Kvitsjøen like utanfor byen. I 1657 vart ei trefestning reist i byen. Den merkverdige katedralen i byen, Maria innsovnelses-katedralen, er òg ein trebygning, reist i perioden 1711-1717. Katedralen er eit flott døme på ein valmtakkonstruksjon (sadeltak der delar av gavlane vert skrådde inn mot midten av mønet), som er veldig mykje brukt i eldre russisk arkitektur. Ikonostasen i katedralen (vegg med tre dører som skil kor frå skip) har same særpreg som kostelege ikon frå Novgorod på 1600-talet.
Innbyggjarane i Kem har historisk vorte kalla pomorar («kystbuarar»). Mellom 1740 og 1917 gjekk pomorhandelen føre seg mellom folk i Kvitsjøområdet og fiskarar i Nord-Noreg, med hovudsakleg fisk frå Noreg og korn frå Russland som handelsvarer. Kem var ein av dei viktigaste hamnebyane som tok del i denne handelen og Pomormuseumet i byen har rundt 6500 gjenstandar frå denne tida.
I stalintida vart det oppretta fleire fangeleirar innan Gulag-systemet i byen. Utbygginga av slike leirar tok av rundt Kem omkring 1930. I Kem låg dei viktigaste leirane under anlegget av kanalen mellom Austersjøen og Kvitsjøen der dei største slusene vart bygt. I Kem låg òg administrasjonssenteret for fangeleirene på Solovkiøyane og byen var transporthamn til øyane. Det er reist eit monument til minne om dei som døydde i leirane i Kem.
I dag er det turisttransport med båt ut til Solovki-øyane frå hamna i Kem. Reisa tar mellom to og tre timer og er den kortaste vegen til desse øyane.
Remove ads
Sjå òg
- Pomorar – historiske lokale innbyggjarar
- Pomorhandelen – historisk samband mellom Kvitsjøbyane og Nord-Noreg
- Kvitsjøen
- Solovkiøyane – ei øygruppe utanfor kysten til Kem med det kjente Solovki-klosteret
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads