Kennar Valley
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kennar Valley er ein liten dal, isfri utanom ein flik av isen frå Taylorbreen ved munningen, vest for Finger Mountain i Quartermain Mountains i Victoria Land. Namnet vart først nytta på eit kart frå 1961 frå landmålingane til New Zealand 1957–60 og flyfotografi tekne av U.S. Navy i den perioden. Han er truleg kalla opp etter Thomas Kennar i Royal Navy, kvartermeister på Discovery-ekspedisjonen i 1901–04, leia av Robert Falcon Scott. I november 1903 var Kennar og William J. Weller i lag med Hartley T. Ferrar dei første som gjorde geologiske undersøkingar av Quartermain Mountains.
Remove ads
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kennar Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads