Kerberos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kerberos (gresk Κέρβερος,) er i gresk mytologi ein hund med tre hovud. Monsterhunden vaktar inngangen til dødsriket Hades. Kerberos står bunden ved breidda av elva Akheron, nokre gonger omtala som Styx, på den sida som vender mot dødsriket. Han vaktar elvebreidda slik at dei levande ikkje slepp inn, og dei døde ikkje slepp ut. På vegen til dødsriket vert dei døde ferja over elva Akheron eller Styx av ferjemannen Karon.

- For månen til Pluto med same namnet, sjå plutomånen Kerberos.
Hunden har vorte overvunnen fleire gonger:
- Herakles sitt siste storverk var å ta Kerberos til fange. Det gjorde Herakles ved å vera god mot Kerberos, noko hunden aldri før hadde opplevd.
- Orfevs byssa Kerberos i søvn ved å spela for hunden, då han skulle til dødsriket for å setja Eurydike fri.
- Hermes fekk Kerberos til å sova ved å gje han vatn frå elva Lethe.
- Dante Alighieri skildrar i den guddomlege komedien korleis Vergil og Dante forar Kerberos med jord for å unngå å verta etne sjølv.
Remove ads
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads