Kfarfila
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kfarfila (arabisk كفرفيلا, òg kalla Kafr Fila) er ein by i Nabatieh guvernement i Sør-Libanon. Han er ein av 243 busetnader i guvernementet og ligg nord i distriktet.
Kfarfila ligg ved foten av Iqlim al-Tuffah-fjella, nær Jbaa, Ain Qana og Ain Bouswar, 582 meter over havet. Han ligg kring 22 km frå Nabatieh og kring 60 km frå hovudstaden Beirut. Innbyggjartalet er kring 2 500.
Byen er kjend for dyrkinga av lauk med ein årsproduksjon på meir enn 28 tonn.
Det er mange grotter i byen som går attende til fønikisk tid, og dei fleste av dei vart nytta som gravplassar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads