Periferieininga Khaniá
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Periferieininga Khaniá (gresk Περιφερειακή ενότητα Χανίων, Periferiakí enótita Khaníon) er ei periferieining på øya Kreta i Hellas. Ho er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta.[2] Hovudstaden i periferieininga er Khaniá.
Khaniá dekkjer den vestlegaste delen av øya, og grensar mot Réthymno i aust. I nord grensar ho til Egearhavet og i vest og i sør til Middelhavet. I innlandet ligg fjellmassivet Levká Óri. Periferieininga omfattar òg den sørlegaste øya i Europa, Gávdos.
Remove ads
Geografi
Periferieininga Khaniá vert ofte berre kalla Vest-Kreta.
Naturparken Samariáravinen er ein stor turistattraksjon i dei sørlege områda. Dei kvite fjella eller Levká Óri er dekte av snø fram til mai og dekkjer store delar av Khaniá. Dei inneheld meir enn 40 toppar på over 2 000 meter. Den høgaste av desse er Pákhnes på 2 452 moh.
Den einaste ferskvassinnsjøen på Kreta, Kournássjøen, ligg i periferieininga, nær grensa til periferieininga Réthymno. Han har ein omkrins på 3,5 km.
Remove ads
Administrativ inndeling
Tidlegare var Khaniá eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]
Remove ads
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads