Khenchara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Khenchara (arabisk الخنشارة) er ein landsby i Libanon. Han ligg i Metn distrikt i Libanonfjella mellom Bologna (بولونيا), Bteghrine (بتغرين) og Dhour El Choueir - Ain el Sendianeh (ضهور الشوير - عين السنديانة).
Landsbyen ligg 30 km nordaust for Beirut i ei høgd på mellom 1070 og 1200 moh. Landsbyen består av tradisjonelle murhus med raude tak.
Kenchara og Jouar ligg i same kommune.
St. Johannes av Chouweir-klosteret, eit melkittisk-katolsk kloster, ligg i Khenchara, grunnlagd i 1696-97. Den eldste av dei tre kyrkjene er tileigna St. Johannes døyparen og er datert til 1100-talet. St. Nikolas-kyrkja er frå 1700-talet og har ein vakker ikonostas i tre.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads