Kholm
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kholm (russisk Холм) er ein by i Novgorod oblast i Russland med om lag 3 500 innbyggjarar. Han ligg der elvane Lovat og Kunja renn saman, rundt 200 km sør for Novgorod.
Busetnaden vart først nemnd i 1144 som Kholm pogost. Gjennom mellomalderen motstod byen mange omleiringar frå litauarar, polakkar og svenskar. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av Wehrmacht frå 1941 til 21. februar 1944. Byen vart fullstendig øydelagd og det noverande folketalet er berre ein tredjedel av folketalet før krigen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads