Khopjor
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Khopjor (russisk Хопёр) er ei elv i den europeiske delen av Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre. Ho er 979 km lang med eit nedslagsfelt på 61 100 km². Ved munningen er middelvassføringa hennar 2720 m³/s og elva er her 300 meter brei. Khopjor er framkommeleg for skipsfart 323 km oppover elva.
Remove ads
Av byar langs elva finn ein Balasjov, Borisoglebsk, Urjupinsk, Novokhopjorsk og Serafimovitsj.
Dei største sideelvane hennar er Vorona og Savala frå høgre, og Serdoba og Buzuluk frå venstre.
Nedanfor Borisoglebsk ligg Khopjor naturreservat med bever, visent og russisk desman.
Elva har gjeve namn til føretaket Khoper-Invest kjend for ein pyramidespelsvindel.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Khopyor River» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads