Killing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Killing
Remove ads

Killing eller kje, er nemninga på eit ungdyr av geit og geiteliknande artar.

Thumb
Kje.
Thumb
Kje oppå mor si.
Foto: Brandon O'Connor

Ordsoge

Ordet «killing» er ikkje det same som kylling, og deler ikkje etymologisk opphav. Det kjem istaden frå norrønt kiðlingr som var ei avleiing av kið ('kje'). Kið har derimot gjeve det engelske ordet kid, som er mykje brukt om menneskeungar, særleg på amerikansk engelsk.

I kulturen

Kje opptrer i folkeeventyr som «Bukkane Bruse» og «Ulven og dei sju geitekillingane», og i nyare forteljingar som «Capra cu trei iezi» ('Geita og dei tre kjea hennar') av rumenske Ion Creangă, eller «Geitekillingen som kunne telle til ti» av Alf Prøysen.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads