TNT-ekvivalent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
TNT-ekvivalent er ein metode for å kvantifisere energien som vert utløyst i eksplosjonar. Eit «tonn TNT» er ei eining lik 4,184 gigajoule, som er omtrent energimengda frigjort i detoneringa av eitt tonn med TNT. Eit megatonn TNT er ei energieining lik 4,184 petajoule.[1]

Kilotonn og megatonn TNT har tradisjonelt vorte nytta for energiutybytte og dermed den øydeleggande krafta i kjernevåpen. I nyare tid har han òg vorte nytta for å skildre energien frigjort i andre særs øydeleggande hendingar, som asteroidenedslag. TNT er derimot ikkje den mest energirike av dei vanlege eksplosiva. Dynamitt har til dømes kring 60 % høgare energitettleik.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads