Kimære

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kimære
Remove ads

Kimære (frå gresk χίμαιρα khimaira, 'geit') er eit fabelvesen frå gresk mytologi sett saman av tre ulike dyr, vanlegvis med løvehovud og kropp, geiterygg og drake- eller slangehale.

Thumb
En kimære framstilt på en tallerken fra Apulia i Italia ca. 350-340 f. Kr.

Ifølgje greske segner blei den opphavlege Kimæren, eller Khimaira, drepen av Bellerofon. Ulike kimærer har seinare vore brukt som kunstnarisk dekorasjon, mellom anna i gotisk arkitektur.

Remove ads

«Kimære» som moderne omgrep

Thumb
Kimæremus med avkom som ikkje er kimærar.

I moderne biologi viser «kimære» til eit individ som har celler frå forskjellige zygotar, anten frå ulike individ av same art eller frå ulike artar eller gjennom at muterte celler formeirer seg. Kimære kan til dømes bli danna ved at to eller fleire ulike embryoar smeltar saman eller ved poding av plantar.

I overført tyding kan «kimære» også bety «fantasifoster», «luftslott», «innbilling» eller «utopi». På svensk er ordet chimär vanleg med denne tydinga.

Remove ads

Sjå og

  • Kimæren frå Arezzo, ein bronsefigur som er eit av dei best kjente døma på etruskisk kunst
  • Azhi Dahaka eller Zahhak, ein drake eller malmdemon med tre hovud frå persisk mytologi
  • Nue, eit fabeldyr fra japansk mytologi med apehovud, tanukikropp, tigerbein og slange som hale.
  • Manticora, eit fabeldyr med menneske- eller løvehovud, løvekropp og halen til ein drake, slange eller skorpion
  • Qilin, eit lykkebringende fabelvesen i kinesisk mytologi med kroppsdelar frå fleure dyr
  • Yali, eit uhyre i indisk mytologi med tigerkropp, elefantstøyttenner og slange som hale
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads