Kinagras
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kinagras (Boehmeria nivea) er ein plante i neslefamilien. Saman med Boehmeria viridis er han ein viktig tekstilplante. Han har bastceller som er lengre enn hjå nokon annan plante, oftast 10–20 cm og nokre gonger 25 cm.
Kinagras er ein liten busk som veks vilt i Aust-Asia. Han blir også mykje dyrka i Kina, Japan, India og Indonesia.
Basttrevlane er seige og svært sterke. Dei blir brukt til tauverk eller til tråd, rami, som blir brukt til møbelstoff og anna.
Remove ads
Kjelder
«kinagress» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads