Kinzig ved Rhinen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kinzig ved Rhinen
Remove ads

Kinzig er ei elv i Baden-Württemberg sørvest i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre med ei lengd på 95 km. Kinzigdalen og dei tilhøyrande sidedalane utgjer det største dalsystemet i Schwarzwald, som elva renn gjennom. Avhengig av kva definisjon ein nyttar er Kinzig anten grensa mellom den nordlege og sentrale delen av Schwarzwald, eller ein del av dei sentrale områda.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Under den siste istida danna Kinzig og Murg eit felles elvesystem.

Remove ads

Geografi

Kinzig har sitt utspring nær Loßburg i landkreis Freudenstadt. Først renn ho sørover, men snur gradvis vestover. Ho renn ut av Freudenstadt etter Alpirsbach, og er så vidt innom landkreis Rottweil og held så fram gjennom Ortenau. Kinzig renn ut av Schwarzwald nær Offenburg og munnar ut i Rhinen nær Kehl. Den øvre delen av Kinzig er ei fjellelv, som stundom har skapt alvorlege flaumar.

Sideelvar

Dei følgjande elvane munnar ut i Kinzig:

  • Rötenbach
  • Litle Kinzig
  • Schiltach
  • Wolfach
  • Gutach
  • Harmersbach
  • Schutter

Byar langs Kinzig

Frå kjelda til munningen:

  • Loßburg
  • Alpirsbach
  • Schenkenzell
  • Schiltach
  • Wolfach
  • Gutach
  • Hausach
  • Fischerbach
  • Haslach im Kinzigtal
  • Steinach
  • Biberach
  • Gengenbach

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads