Kjakhta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjakhta (russisk Кяхта, burjatisk Хяагта) er ein by i Republikken Burjatia i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 190 km sørvest for Ulan-Ude, like ved grensa til Mongolia.
I Nertsjinsk-traktakten i 1689 mellom Qing-imperiet og Russland vart Kjakhta utpeikt som den einaste russiske grensehandelsstaden og berre nokre hundre meter unna på den andre sida av grensa bygde kinesarane byen Maimaicheng (買賣城), som i dag heiter Altanbulag og ligg i Mongolia.
Fram til 1727 var handelen mellom Kjakhta og Kina eit statleg monopol, men frå då var han open òg for einskildkjøppmenn og voks så jamt til 1860. Etter avtalen i Peking av 1860 vart rettane til varehandel då gjort gjeldande for heile den russisk-kinesiske grensa. Sidan då har rolla som handelsplass vorte mindre viktig for byen og han har etter Mongolia vart sjølvstendig, vorte ein grenseby mellom Russland og Mongolia.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads