Kjeledress

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjeledress
Remove ads

Kjeledress eller overall er ein heildekkande drakt med samansydde bukser og overdel, gjerne av tjukt bomullsstoff, med lang knapping eller glidelås framme. Kjeledressar blir mellom anna brukte som arbeidsklede.

Thumb
Amerikanske soldatar i kjeledressar i 1942. Bildet er tatt ved Fort Knox i Kentucky i USA.
Thumb
Moderne kjeledress eller overall i sjøgrønn bevernylon. Arbeidsplagget har praktiske lommer, glidelås framme og strikk i livet for betre passform.

Kjeledressen oppstod som eit vernande overtrekksplagg for maskinistar og andre som handterte koldrivne fyrkjeler og oljete skipsmotorar. Plagget er framleis svært utbreidd som ytterplagg ved meir eller mindre skite eller grovt kroppsarbeid, til dømes i verkstader, industrien og landbruket.

Den klassiske kjeledressen er gjerne blå, men ein kan få han i fleire fargar og ulike typar tekstil, avhengig av bruksområde. Det finst typar av papir til eingongsbruk i laboratorium, målararbeid og liknande, og russedressar som blir brukte til feiring og kan dekorerast. Fôra og brannsikra kjeledressar, ofte i signaloransje tekstilar, er vanlege i industrien og for kroppsarbeid i kaldt vêr.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads